Familiekontoret i Øvre Telemark

              – for vanlege folk med vanlege problem –

Sinnemestringskurs.

Målet med kurset er å få hjelp til å endre sinnemønster, evt. til å slutte å utøve vald, psykisk eller fysisk, eller anna åtferd som har til hensikt å tvinge, skremme, andre til å gjere det ein vil. Til dømes sambuar, ektefelle, born, arbeidskollegar eller andre. Kurset har fokus på at den som utøver slik åtferd har eit ansvar for å gjera noko med det. Ein kan sjølv tenke at ein ikkje kan reagere på nokon annan måte. Men dei som har vore gjennom kurset veit at det finst alternative måtar å reagere på, men ein treng hjelp til å lære seg andre reaksjonsmåtar.

For vold løyser ikkje problem. Det kan verte stilt og roleg etter at ein har utøvd vold eller verbalt gått til angrep på eit familiemedlem eller ein kollega. Men om ikkje altfor lenge skjer det same på nytt. Eit nytt utbrot. Og volden gjev både fysiske og psykiske sår. Det største "såret" er den angst volden skaper.Volden drep kjensler, og derfor vil og volden drepe kjærleiken.

Volden smerter og for den som gjer bruk av den. Det er vondt å leve saman med ein når du ikkje kan vite om ho/han er med deg fordi ho/han er redd for deg, eller fordi ho/han er glad i deg. Dersom det er et mål for deg å kunne leve harmonisk i eit forhold, prega av gjensidig respekt, er vold den dårlegaste vegen til målet.

 

FOR AT ME SKAL KUNNE GJE DEG HJELP, TRENG ME AT DU KONTAKTAR OSS. RING OSS FOR NÆRARE INFORMASJON

TELEFON: 35 06 88 50

 

 

Utforming: kandesign