Familiekontoret i Øvre Telemark

              – for vanlege folk med vanlege problem –

Mekling for foreldre

Ektefeller med born under 16 år må møte til mekling, før søknad om seperasjon eller skilsmisse kan sendast Fylkesmannen.

Sambuerar med felles born under 16 år må ved samlivsbrot møte til mekling, Ved søknad om utvida barnetrygd, skal det leggast ved meklingsattest.

Foreldre med felles barn under 16 år må møte til mekling før det kan førast sak for domstolen om foreldreansvar,samvær og kor barnet skal bu.

Føremålet med mekling er at foreldre skal kome fram til ei avtale om foreldreansvar, samvær og kor barnet skal bu. Avtala bør vere skrifteleg og skal ta omsyn til kva som er best for borna.

Meklar skal hjelpe til med ei slik avtale, men det er foreldra som har ansvar for innhaldet og gjennomføringa av den. Barn kan inviterast med til samtale i mekling, dette er eit tilbud som er aktuelt når begge foreldra er enige om det og borna sjølv ynskjer det. Dette må avtalast med meklar.

Det er obligatorisk med ein meklingstime. Etter denne timen skal det skrivast ut ei meklingsattest. Dersom de ikkje har kome fram til enighet om avtale etter fyrste timen, kan de om begge ynskjer, få tilbod om mekling inntil tre timar til. Meklar kan gi tilbod om ytterlegare 3 timar, dersom det er grunn til å tru at de kan kome til enighet.

Bufetat/familie

Ekteskapslova

Barnelova

Separasjonsskjema

Høyring av born

Last ned barneavtale her.

Utforming: kandesign