Familiekontoret i Øvre Telemark

              – for vanlege folk med vanlege problem –

Kva arbeider vi med

• Parsamtaler, familiesamtaler, individualsamtaler og foreldre/barn samtaler

• Foreldresamarbeid om barn

• Mekling

• Kurs, undervisning og veiledning

 

Samtaler

Vi tilbyr samtaler til par, enkeltpersonar og familiar som opplever utfordringer i forhold til nære personar:

• Par med samlivsproblem i ekteskap, samboerforhold, partnerskap eller særboerforhold

• Enkeltpersonar med problem i forhold til familie, vener eller andre

• Familiar med problem i forhold til barn, foreldre eller andre

• Familiar som etablerer seg på nytt etter tidligare samlivsbrudd

• Familiar eller enkeltpersonar som opplever ei krise

• Par som ønskjer samtale knytta til samlivsbrudd


Vi ønskjer å vera samtalepartnarar. Vår arbeidsform er fyrst og fremst invitasjon til samtale og samarbeid om det dere ynskjer hjelp til. Tilnærminga er familieterapeutisk, der ein grunnleggjande ide er å gjenvinne trua på mogleghetar og alternative løysingar. Vi tilbyr samtaler med ein terapeut. Det arbeidast og i team der vi er fleire terapeuter saman med dere som par eller familie.

 

Foreldresamarbeid om born

Dersom de som foreldre er usamde om korleis de skal praktisere dagleg omsorg, samvær eller foreldreansvar, eller de ikkje har nokon avtale om dette kan de få tilbod om samtale.

Dette er eit friviljug tilbod. Utgangspunktet er at både mor og far er enige om å kome og har drøfta dette på førehand.

Til slike samtaler kan både foreldre og born møte. Samtale med born skjer etter avtale mellom foreldra og terapeut.

Høyring av born
Last ned barneavtale her.

Vanlege tema er :

• Samværsavtale

• Praktisering av samværsavtala

• Uro for bornet

• Når borna vil flytte til den andre av foreldra

• Den eine av foreldra vil ikkje ha avtale

• Ny kjærast/sambuar

• Ulike tema som kan gjera samarbeidet vanskeleg

• Vold, rus og truslar i samband med samvær/samarbeid om born

 

Mekling

Vi tilbyr mekling til:

• Foreldre som skal søkje separasjon eller skilsmisse

• Foreldre som treng dette for å bringe sak inn for domstolen

• Samboande foreldre som skal oppløyse forholdet

Mekling er aktuelt når ein har felles barn under 16 år. Formålet er å bistå foreldra i å koma fram til ei avtale om foreldreansvar, fast bostad og samvær. For meir informasjon klikk på ”Mekling”.


Kurs, undervisning og veiledning

Vi holder samlivs- og kommunikasjonskurs. Vi har sertifiserte kursledere i samlivskurset ”PREP” og samlivskurs for fyrstegongsforeldre ”Godt samliv”.

Vi tilbyr foredrag, kurs og undervisning i forhold til barnehagar, skule, foreningar og andre. Kontoret har godkjente veiledere som tek oppdrag i forhold til studentar eller fagpersonar som ønskjer veiledning.

 

Utforming: kandesign