
Familiekontoret er ei spesialteneste som skal gje gratis hjelp og støtte til alle som opplever problem eller vanskar i familien.
Familiekontoret skal gje tilbod om behandling og rådgjeving til par, einskildpersonar og familiar.
Me legg vekt på førebyggjande verksemd, og oppmodar folk til å søkje tidleg hjelp for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste.
Familiekontoret driv obligatorisk mekling etter ekteskapslova og barnelova.
Familiekontoret er eit lavterskeltilbod med høg kompetanse. Du kan sjølv ta kontakt, du treng ikkje tilvising frå lækjar eller nokon annan instans.
Her møter du fagfolk som har utdanning og erfaring i å arbeide med problem og konfliktløysing i parforhold og familiar. Alle tilsatte har teieplikt.
Familiekontoret driv førebyggjande arbeid slik som: opplysningsverksemd, foredrag, konsultasjonar og rettleiing. Kontoret held og samlivskurs med særleg fokus på kommunikasjon.
Det er familiekontor i alle fylke. I Telemark er det to, Øvre Telemark familiekontor i Kviteseid og Grenland familiekontor i Skien.
Kontoret i Øvre Telemark vart oppretta i 1994 av Agder Bispedømmeråd i samarbeid med Barne- og familiedepartementet. Frå 01.01.04 overtok staten ansvaret for familievernet, og oppretta Barne-ungdoms-og familieetaten. Øvre Telemark familiekontor er ei sjølvstendig stiftelse, og har driftsavtale med Bufetat, Region Sør.
Familieverntenesta er heimla i lov om familievernkontorer.
![]() |
Tor Eivind Eriksstein Dagleg leiar Familieterapeut og meklar |
![]() |
Tone Irgens Veum Familieterapeut og meklar |
![]() |
Tove-Mette Due Familieterapeut og meklar |
![]() |
Gøril Bothner Kanstad Familieterapeut og meklar |
![]() |
AnneTanche-Nilssen Familieterapeut og meklar |
![]() |
Gunn Snaunes Sekretær |